Påskemusikal i Sunnylven kyrkje

Dei to barne- og ungdomskora i Sunnylven gleda mange med påskemusikalen "Har du hørt det".
Dei to barne- og ungdomskora i Sunnylven gleda mange med påskemusikalen «Har du hørt det».

Under familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje palmesøndag fekk dei frammøtte på nytt høyre påskemusikalen ”Har du hørt det” av Alf Georg Østebrøt. Det var barne og ungdomskora Ariel og Joyful som bar fram det sterke bodskapet i ord og tonar.

Fredrik Stadheim – 28.03.2010 15:45:02

Frå tidleg på 90-talet har musikalen blitt framført av ungdomskora på palmesøndag i Sunnylven kyrkje. Hendinga er den same og som nok ein gong vart det ei flott oppleving for dei frammøtte i kyrkja..
Musikalen har masse flott musikk og sterke tekster og fortel om alt som skjer gjennom påskeveka, om Jesus sitt liv frå palmesøndag, korsfestelsen på Golgata til oppstoda fyrste påskedag.

Sterk, men flott

-Dere er mine venner, jeg gir av meg selv- heiter det i ein innleiande song. Men snart blir alt endra og folket ropar -korsfest ham, slipp Barabass fri-. Jesus døyr på Golgata, men nokre dagar seinare kjem bodskapen om at han har stått opp av grava.
Ei sterk, men likevel ei flott forteljing som dei tretti unge songarane i dei to kora formidla på ein strålande måte, sa sokneprest Runde då han takka aktørane etter at velfortent applaus hadde tagna.
Fleire frå songkora var solistar og batt saman musikalen med forteljingar. Dirigent var Kristin Storstein.

Her blir Jesus ført bort av vektmenn, ei av handlingane i musikalen.
Her blir Jesus ført bort av vektmenn, ei av handlingane i musikalen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380