Lokalnytt

”Sjøarane” legg seg flate

På Steimsnibba er det opna paviljong ved skjenkeløyve. Det har ført til mange trimbesøk, her med frå v. Leif Egil Åsen, Amund Lien, Magne Brekke, Jostein Ringdal og Per Svein Hole.
På Steimsnibba er det opna paviljong ved skjenkeløyve. Det har ført til mange trimbesøk, her med frå v. Leif Egil Åsen, Amund Lien, Magne Brekke, Jostein Ringdal og Per Svein Hole.

”Sjøarane” slo til med knakande god underhaldning på grendakvelden laurdag. Mykje galskap og truskuldig moro vart presentert frå scena i Sunnylven samfunnshus der eit talrikt publikum mora seg storleg.


Fredrik Stadheim – 28.03.2010 22:13:54

Det timelange programmet starta med buder og brak, det var smell av dynamittsalvar frå annleggsverksemda kring Hellesylt. Derimot leita Oddhild Gjørvad Åsen og Wenche Høgalmen Ringdal i rollene som vegsluskar seg fram på Facebook til mykje anna lokalt og godt ”sprengstoff”.

Mykje positivt er i emning på Hellesylt i fylje siste nytt frå nettet dott no. Byggeaktiviteten er stor og vil auke, mellom anna er det nye planar for Hellesylt stadion. Ei utbygging med plass til 80.000 tilskodarar er klar. Opningskampen blir mellom Sunnylven og Real Madrid.

Det blir heilårs alpinanlegg frå Skaret til Sentrum. Stor straumproduksjon i Sunnylven gjer det mogleg å produsere snø heile året, vart det sagt.
Ei diger demning i Sunnylvsfjorden skal stoppe flodbølga frå Åknes, og innafor blir det utfylling og stor golfbane.
62º Nord skal reise ein kopi av verdens høgste hotell på Hellesylt og dermed er den 84-meter høge bølja ingen fare.

Alle desse planane var ikkje formelt vedtekne enno, men arbeidet ville likevel bli sett i gong snarast. Det var berre å legge seg flate etterpå, vart det sagt.

Også Steimsnibba har no fått sin paviljong med heildøgn servering. Skjenkeløyve har gjort toppen så populær at trimgruppa legg ned alle dei andre trimpostane. Heretter blir det berre Steimsnibba. Ny utbygging på toppen er på gong, men kommunale vedtak var ikkje klare. Ikkje noko problem, dei ansvarlege øver seg og vil legge seg flate.

Negativt nytt frå Hellesylt var at Ringdal Kraftverk ikkje blir noko av. Holet som blir sprengt ut skal i staden lede Dalaelva og Hellesyltfossen til Stranda sentrum.

”Sjøarane” presenterte eit program med mykje truskuldig moro og treffande sleivspark.
Men også seriøse innslag stod på menyen, som Martine Tryggestad Forbord sin vakre song til Hellesylt der ho viste at ho meistra også gitarinstrumentet på ein flott måte.

Programmet til ”Sjøarane” var av dei bedre som er vist under grendakveldane. Både innslaget med vermelding, behandlinga mot stein-sjuka og eit dristig innslag med fire mannfolk i sjeldan påkledning skapte latterbrøl og glødande fotoblits.
Og med ”Sjøarane” vel i mål er det Dalarane sin tur neste år.

Wenche Høgalmen Ringdal t.v. og Oddhild Gjørvad Åsen hadde kontroll på det meste på Hellesylt.
Wenche Høgalmen Ringdal t.v. og Oddhild Gjørvad Åsen hadde kontroll på det meste på Hellesylt.
Vermeldinga var litt av kvart, men med mykje sol over alpinanlegg. Verdama var Inger Ann Nybø.
Vermeldinga var litt av kvart, men med mykje sol over alpinanlegg. Verdama var Inger Ann Nybø.
Fire svært lettkledde herremenn med steikepanne som "truse" fekk lattervolumet opp mellom publikum.
Fire svært lettkledde herremenn med steikepanne som «truse» fekk lattervolumet opp mellom publikum.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380