LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2010

Tivoli under Sommardagane

Thomas tivoli er tilbake på grusbana under Sommardagane på Hellesylt.
Thomas tivoli er tilbake på grusbana under Sommardagane på Hellesylt.

Sjølv om vinteren har eit godt grep framleis, blir det jobba med programmet til sommardagar på Hellesylt. Mykje er klart alt no.

Fredrik Stadheim – 17.03.2010 15:44:53

Thomas tivoli er tilbake under Sommardagar på Hellesylt 9. – 11. juli. I fjor var det mange som sakna ”Den rosa karavanen” og alle dei morosame aktivitetane tivoliet kan by fram på grusbana. No kjem det tilbake og riggar opp tidleg i veka før sommardag-helga.

Til konserten i Sunnylven kyrkje som er fyrste post på programmet fredag kveld har arrangøren fleire kjende artistar ”på blokka”. Etter det vi forstår blir det ei avgjer i løpet av kort tid kven publikum får høyre under kyrkjekonserten i år.

Tidlegare er det kjent at det blir World Cup i fjellflyging frå Helsetkopen under sommardagane. Eit spektakulært innslag som samla svært mykje folk i fjor då NM i fjellflyging vart arrangert for fyrste gong frå det vel 1200 meter høge fjellet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380