Anleggsarbeidet i gong på stadion

Arbeidet på Hellesylt stadion går som planlagt, seier Stig Erik Berg t.h. og Oddvar Liaskar.

Arbeidet på Hellesylt stadion går som planlagt, seier Stig Erik Berg t.h. og Oddvar Liaskar.

Firmaet Rano anlegg frå Spjelkavik er i gong med arbeidet på Hellesylt stadion. Så langt har alt gått som planlagt med ombygging til kunstgrasbane.


Fredrik Stadheim – 09.04.2010 15:15:12

To store gravemaskiner har vore i sving på stadion frå påske. Grøft for drenering og overflatevatn er grave opp rundt heile fotballdelen, og rør kjem på plass tidleg neste veke, fortel Stig Erik Berg, maskinkøyrar i Rano.
Deretter er det utgraving for fundament og kabelgrøft til seks store lysmaster som står for tur, før legging av rør til undervarme frå sjøvatn.
Det har så langt gått som planlagt, seier Berg frå Valldal og kollega Oddvar Liaskar frå Sykkylven.

Sel steinfri matjord
I samband med ombygginga fekk Sunnylven idrettslag gravd vekk grasdekket og jord på Hellesylt stadion på dugnad. No tilbyr laget steinfri matjord for sal.
Kjøparar kan få jorda tilkøyrd for kr. 100.-/m3, eller hente jorda sjølve for kr. 80.-/m3.
Pengane for jordsalet går inn som idrettslaget sin andel i ombygginga av stadion.

Jord kan tingast hos:
Magnar Hauge Tlf. 92049785 / 70265227
Synnøve Kjellstad Tlf. 97130270 / 70263137
Knut Dag Langeland Tlf. 92068187 / 70260314

Idrettslaget har ein svær jordhaug å selje av, mellom 1500 og 2000 kubikk.

Idrettslaget har ein svær jordhaug å selje av, mellom 1500 og 2000 kubikk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380