LokalnyttLokalsport

Bygdaelva vart redninga

Vinnar klasse menn Benjamin Hjort, Voss t.v., vinnar klasse kvinner Marianne Sæther, Otta og nr.3. menn Dag Sandvik, Voss.
Vinnar klasse menn Benjamin Hjort, Voss t.v., vinnar klasse kvinner Marianne Sæther, Otta og nr.3. menn Dag Sandvik, Voss.

-Vi hadde svært lyst å få avvikla også elvepadlinga, så då vi såg at det var for lite vatn i elvane i Ørsta og Volda, bestemte vi oss for å reise til Bygdaelva i Sunnylven-.

Fredrik Stadheim – 23.04.2010 20:45:19

Det fortel Joar Wæhler i arrangørstaben for X2-festivalen i Ørsta som har pågått den siste veka. Der har det blitt avvikla skikonkurransar og tindebestigning. Og fredag vart ei vellukka elvepadling avvikla i Steimsåsane i Bygdaelva.

Også Bygdaelva i Sunnylven har lita vassføring om dagen. Her kunne likevel padlekonkurransen gå utan probem, for i elvebotnen finst ikkje stein som kan skade utstyret, men berre blankslipa svaberg.
Eit flott alternativ, tykte Joar Wæhler frå Voss. Han er lærar ved Ørsta folkehøgskule og hadde med fleire elevar som hjelpte med avviklinga av konkurransen.

Til saman 23 menn og 5 jenter deltok. Deltakarane kom frå fleire plassar i sør-Norge og frå England og Canada. Nokre av deltakarane hadde lang erfaring i elvepadling, andre var nybyrjarar å rekne. Då var ikkje plasseringa det som talde mest, det viktige var at dei kom i mål utan å velte, fortalde dei.

Etter ein oppvarmingsrunde, padla alle deltakarane to omgangar og samla tid avgjorde resultatlista. Beste omgangstida frå toppen til målgang ved kraftstasjonsdemninga var 1.43 min.
Vinnar i klasse menn vart Benjamin Hjort, Voss. I klasse for kvinner vann Marianne Sæther, Otta. Alle drog tilbake til Ørsta der det var premieutdeling fredag kveld.

Ny deltakar ut frå start.
Ny deltakar ut frå start.
Det var god speakerteneste, men eit lite antall publikum.
Det var god speakerteneste, men eit lite antall publikum.
Her er siste hopp før mål for ein av deltakarane.
Her er siste hopp før mål for ein av deltakarane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380