Lokalnytt

Demens ramar stadig fleire

Høgskulelektor Anne-Sofie Egset, i midten fortalde om fokesjukdomen demens. Her saman med leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Knut J. Tryggestad og styremedlem i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim.
Høgskulelektor Anne-Sofie Egset, i midten fortalde om fokesjukdomen demens. Her saman med leiar i Sunnylven Pensjonistlag, Knut J. Tryggestad og styremedlem i Sunnylven sanitetslag, Kari Hauso Stadheim.

Demens er ein folkesjukdom som rammar stadig fleire. Ikkje berre eldre personar får sjukdomen, også unge kan verte råka og får ein vanskeleg kvardag.

Fredrik Stadheim – 29.04.2010 15:17:57

Det sa høgskulelektor Anne-Sofie Egset, Volda som fortalde om sjukdomen til kring 60 frammøtte på Sunnylven samfunnshus tysdag kveld. Sunnylven sanitetslag og Sunnylven Pensjonistlag var arrangørar av møtet.

Anne-Sofie Egset er utdanna sjukepleiar, men har dei siste åra fordjupa seg kring demens. Ho har også opplevd sjukdomen på nært hald i eigen familie.
Statistisk vil ein av fem få demens kring 80-års alder. Dette talet er spådd å auke, for sjukdomen rammar ikkje berre eldre. Også unge heilt ned i 40-åra kan få sjukdomen som ikkje har noko med aldringsprosessen å gjere. Demens har utvikla seg til å bli ein folkesjukdom, sa Anne-Sofie Egset.

Å gløyme, hukommelsestap er ikkje teikn på demens. Dei vanlege symptoma er vanskar med språket, lese og skrivevanskar, gjere ting, finne igjen ting, dårleg balanse og at kortidsminnet sviktar. Sjukdomen endar med døden for dei fleste etter nokre år.
Det finst medisin som forsinkar utviklinga, men ikkje helbredar sjukdomen.
Å leve eit sunt liv, vere fysisk aktiv med godt kosthald er det beste av forebyggande tiltak.
For den ramma er nærheit med andre og tilrettelagt med gode dagtilbod viktig.
Ikkje stille spørsmål, men gje leiande svar og opplysningar, det vil hjelpe den sjuke til å huske.
Å vere open om sjukdomen over for andre, det vil vere ei tryggheit og gje pårørande ein lettare kvardag, sa Anne-Sofie Egset.

Under temakveld-møtet på Sunnylven samfunnshus var det også servering.
Under temakveld-møtet på Sunnylven samfunnshus var det også servering.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380