Lokalnytt

Fleire snøras i Norangsdalen

Geilskredfonna er ei av dei som sperrar vegen gjennom Norangsdalen.
Geilskredfonna er ei av dei som sperrar vegen gjennom Norangsdalen.

Vegen gjennom Norangsdalen er framleis sperra av fleire snøras. Geilskredfonna er eit av dei som har gått over vegen.


Fredrik Stadheim – 04.04.2010 15:47:36

Like før Geilskredvatnet, vel ein kilometer forbi Haugen i Nibbedalen går fonna nesten årvisst over vegen. I mai 1987 var ho spesielt stor, då var ronen 25 meter høg på vegen, står det å lese i bygdeboka for Sunnylven og Geiranger.

Så diger er ikkje Geilskredfonna i år, rundt 5-6 meter høg og 30 meter brei.
Ho går nesten årvisst som kramfonn, kunne Oddmund Fivelstad fortelje. I november 2008 gjekk ho også som mjellfonn, men då var fonnronen berre rundt ein meter høg på vegen.

Ut gjennom Norangsdalen er det mange far etter snøfonner no. Ikkje alle har gått over riksvegen, men i alle fall ei av bra storleik sperrar ved Stabergvatnet, visste Oddmund Fivelstad om.
Dei store rasa er nok gått, så då er det berre å vente på at vegen blir opna.

Her ved Haugen i Nibbedalen er det stopp med bom for reisande som vil gjennom Norangsdalen.
Her ved Haugen i Nibbedalen er det stopp med bom for reisande som vil gjennom Norangsdalen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380