Nye lakseyngel veks fram

Arne Korsbrekke ser at klekkinga av lakseyngel går som den skal, litt seinare enn vanleg i år.

Arne Korsbrekke ser at klekkinga av lakseyngel går som den skal, litt seinare enn vanleg i år.

I desse dagar vaknar det til liv i klekkeriet i Husøyna ved Korsbrekkeelva. Små laksebarn har gjort sine fyrste symjeturar i klekkekara, nokre veker seinare enn vanleg.


Fredrik Stadheim – 09.04.2010 13:36:18

Arne Korsbrekke er innom klekkeriet ofte i desse dagar. Han måtte vente nokre veker lenger i år enn vanleg før det vart liv mellom dei mange rognkorna.
Den lange kuldeperioden i vinter førte til svært lav vatntemperatur. Til vanleg ligg den på 2.0 til 4.0 plussgrader i klekkeriet, men i vinter vart det målt heilt ned til 0.5 grader. Då var det litt kritisk, for skal klekkeresultatet bli bra må det vere rennande vatn heile tida, seier Arne Korsbrekke.

Det gjekk bra å få tak i stamlaks sist haust, og strykinga var i oktober.
Frå då går det fem månader før dei fyrste laksebarna viser seg, men i år gjekk det tre fire veker lenger.
I desse dagar ser Arne over og plukkar vekk døde rognkorn som måtte dukke opp, og gler seg over at andre vaknar til liv. I juni blir 100.000 lakseyngel slepte ut i Korsbrekkeelva.

Arne Korsbrekke har hatt ansvar for klekkeriet i Husøyna i mange år. Kor mange veit han ikkje, men tippar rundt 55 sesongar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380