Lokalnytt

Pizzarestaurant jubilerer

-

For ti år sidan starta Tahir Øcal opp med pizzarestaurant på Hellesylt. Helga rundt 1. mai blir det stor jubileumsmarkering med underhaldning og gratis kaffi og kaker, lovar vertskapet.

Fredrik Stadheim – 17.04.2010 19:51:13

Saman med sønene sine driv Tahir Øcal restaurant like ved Hellesyltfossen. Serveringsstaden er den einaste på Hellesylt som har dagleg ope heile året.
Fredag 30. april blir ti års drift markert med gratis kaker og kaffi til alle som kjem innom, og laurdag 1. mai held jubileumsmarkeringa fram med open restaurant og levande musikk ut over kvelden og natta.

Øcal`s med jalapenos.
Øcal Pizzarestaurant har serveringsløyve for øl og vin, og her kan ein kjøpe all slag mat som kaffi og kaker, norske middagsrettar og tyrkisk kebab.
Men det er italienske pizza som har blitt spesieliteten og ei ettertrakta salsvare. Når Tahir svingar opp med utbaking av pizza går det fort, både på bakefjøla og gjerne i lufta. Det er profesjonelle hender som gjer jobben, noko også dei unge har lært med same dyktigheit og teknikk.
På menykartet er eit stort antall pizzavariantar, mellom tretti og førti. Ein eigenkomponert variant han har kalla Øcal Spesial med jalapenos, ei tyrkisk paprikakrydder er mellom dei populære.
Når vi stiller spørsmålet kor mange pizza han har laga i åra på Hellesylt, slår Tahir ut med hendene og smiler. Det vart eit spørsmål det var uråd å svare på.

Planlegg utviding.
I sommarsesongen er det ofte fullt både i lokala inne, og i solveggen på uteområdet som er blitt ein populær plass både for reisande og fastbuande. No er det laga skisser for ei utviding som vil tilsvare ei dobling av serveringsarealet. Byggeplanane er utsett i påvente av at ny reguleringsplan for Hellesylt sentrum blir klar.

Hektisk om sommaren.
Ti år har gått fort synest Tahir Øcal. Han hugsa godt då han kom til staden ein kald og guffen vårdag. Her skulle han ikkje bli lenge, det var han sikker på.
Framleis driv han same restauranten og gler seg til ein ny turistsesong, til ein ny sommar som brukar å gå alt for fort.
-Då spring vi nesten skorne av oss, men det er berre triveleg. Staden like ved Hellesyltfossen og oppstillingsplassen for dei ferjereisande er folksam på fine sommardagar. Det syder på alle språk utan at det skaper språkvanskar, også russiske og japanske reisande blir forstått. Utruleg kva ein løyser med fingerspråket, seier han.
1. mai er turistferja Bolsøy tilbake i rute på fjorden, og vertskapet på Øcal Pizzarestaurant er klar til å ta mot turistar og fastbuande, til jubileumsmarkering.

Tahir Øcal bakar ut pizzadeig like godt i lufta som på benken.
Tahir Øcal bakar ut pizzadeig like godt i lufta som på benken.
Pizzakveld på Øcal for Sunnylven sitt damelaget i fotball. (Arkivfoto)
Pizzakveld på Øcal for Sunnylven sitt damelaget i fotball. (Arkivfoto)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380