
Kring 70 personar fekk ei ugløymeleg konsertoppleving i Sunnylven kyrkje skjærtorsdag kveld. Då fylte Lina Sandell sine vakre salmar kyrkjerommet, framført av lokale songarar og musikarar.
Fredrik Stadheim – 02.04.2010 11:56:42
Sekstetten frå Hellesylt har etter kvart fått stor røynsle med noteark og songtekstar, og forventningane blir store når nye konsertar blir annonsert.
Konserten i Sunnylven kyrkje var den fjerde med salmar av Lina Sandell på godt eit år. Applausen etterpå var stor og velfortjent, og aktørane måtte fram med ”Jesus kär” som ekstranummer.
Med unike stemmeband over heile toneskalaen blir konsertar med dei seks jentene ei sjeldan oppleving for alle song og musikkglade. Vi trur konserten i det flotte konsertlokalet som Sunnylven kyrkje er, rørte ved følelsar hos mange. Kanskje burde dette unike ”songeventyret” sikrast for framtida med opptak i ei eller anna form.
Lina Sandell møtte mykje motgang i livet. I ung alder var ho mykje sjuk, og ho mista far sin i ei drukningsulykke. Ho var barnlaus, for barnet ho bar fram døydde tidleg.
Til tross for motgang og sorg prega ikkje dette tekstane hennar. Lina Sandell skreiv enkelt og med håp og forventning i seg, fortalde Elisabeth Runde som batt saman konserten verbalt.
Dyktige musikarar var Mass Peter Jelle på tangentinstrument, og Morgan Pedersen på el.gitar.
Alle i sekstetten veksla på solistroller i desse songane:
”Blott en dag”, solist Kristin Storstein, «Ær det sant at Jesus er min brode”, solist Elisabet Krohn Runde, ”Modersvingen”, solist Oddbjørg Stadheim, ”O Jesus øpna du mitt øga”, solist Ingunn Runde, ”Jesus før værden”, solist Ingelin Storstein Hole, ”Tryggare kan ingen vara”, solistar Ingunn, Ingelin, Linn Helene, ”Aldrig ær jag utan fara”, solist Oddbjørg Stadheim, ”Herrens nåde”, solist Kristin Storstein, ”Jag kan icke rekna dem alla”, solist Linn Helene Brekke, ”Gär det lilla du kan”, solist Ingelin Storstein Hole, ”Bred dina vida vingar”, solist Kristin Storstein.