13. juli 2026

Stort turfølgje til Lisjenibba

Klare for tur til Lisjenibba i bakgrunnen. Frå høgre Kristin Krohn Devold, Oddbjørn Berge og Torill Lyngra Berge.
Klare for tur til Lisjenibba i bakgrunnen. Frå høgre Kristin Krohn Devold, Oddbjørn Berge og Torill Lyngra Berge.

I lettskya ver og solgløtt la eit 30- talls unge og eldre i veg til Lisjenibba ovanfor Haugen i Nibbedalen. Mellom dei mest kjende i turfølgjet skjærtorsdag var generalsekretær i DNT, Kristin Krohn Devold.

Fredrik Stadheim – 02.04.2010 12:41:20

Som forsvarsminister møtte Kristin Krohn Devold sjøoffiseren Iris Fivelstad i Bergen for nokre år tilbake. Der fekk ho høyre om restaureringa av det gamle hotellet i Nibbedalen som no har blitt til staselege Villa Norangdal.
Leiaren i Den Norske Turistforening og livstidsmedlem i Ålesund og Sunnmøre Turistforening, Kristin Krohn Devold er storleg imponert over hotellet og det Iris Fivelstad har fått til igjen her i den mektig naturen. Å kunne kombinere jobb i forsvaret og samstundes drive hotell er berre driftige folk som greier, meinte ho.

Generalsekretæren i DNT har vore på Haugen før og gått på tur til Lisjenibba på sommartid. Skjærtorsdag var fyrste gongen ho skulle bestige det 1420 meter høge fjellet på ski.
Det skulle ho gjere saman med eit 30- talls andre på fjellski med fella under.
Turleiar til toppen var leiar i Ålesund og Sunnmøre Turistforening, Oddbjørn Berge.

Iris Fivelstad har hotellet fullt av inviterte gjestar i påska. Seinare i april tek Villa Norangdal mot nye skituristar og andre reisande.

Mange møtte opp ved Villa Norangdal til fjellturen.
Mange møtte opp ved Villa Norangdal til fjellturen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →