LokalnyttLokalsport

Tapte på Hellesylt grus

Sunnylven sitt mannskap i treningskampen mot Hornindal. Trenar Steinar Hjelle til høgre, oppmann Gisle Aaland heilt til venstre.
Sunnylven sitt mannskap i treningskampen mot Hornindal. Trenar Steinar Hjelle til høgre, oppmann Gisle Aaland heilt til venstre.

Sunnylven sitt 5. div.- lag tapte generalprøva før seriestart med 1-3 mot Hornindal på Hellesylt grus andre påskedag. Gjestane leia 3-0 til pause. Kenneth-Andre Hole reduserte halvvegs i andre omgang.


Fredrik Stadheim – 05.04.2010 21:16:49

Dei unge spelarane på Sunnylven var fullt på høgde med eit meir rutinert mannskap frå nabobygda. Heimelaget burde skora i fyrste omgang, men det ville seg ikkje i avslutningane. Heller ikkje eit straffespark i andre omgang vart det mål av.
I staden var det Hornindal som ordna nye avspark frå midtlinja med tre skoringar av det litt lette slaget siste kvarteret i fyrste halvdel.

Sunnylven spela offensivt med to spissar og tre i den bakerste forsvarsrekka, og fem på midtbana. Dette blir oppstillinga også i seriekampar, bekreftar trenar Steinar Hjelle.
Spelarstallen til Sunnylven talde heile 20 mann. To nye forsterkningar kjem til med det fyrste.
I treningskampen andre påskedag veksla trenar Hjelle med mange innbytte slik at alle fekk om lag lik speletid. Det var såleis ikkje eit toppa lag som tapte for Hornindal.

Laget sin faste målmann, Eirik Stenberg kom frå påskeferie på Nordmøre, men nådde ikkje avspark grunna ferjeproblem på Molde. Han stod sikkert og godt andre omgang.
God og myndig domar var Per Helge Liset, Stranda.

Desse spela på Sunnylven: Eirik Stenberg, Per Ove Frøysa, Robert Tryggestad, Ole Hjalmar Bonsaksen, Asbjørn Kvam Karbø, Frode Hauge, Sondre Nybø Støverstein, Helge Tryggestad, Tor Odd Kjellstadli, Andreas Fjørstad, Henning Frøysa, Hans Kristian Hjellbakk Hole, Leif Rune Tryggestad, Olav Erling Aaland, Daniel Nybø Støverstein, Eivind Louis Helset, Bård Forbord, Kennet-Andre Hole, Alf Ole Sundgot, Torstein Tafjord.

Eirik Stenberg er keeper på Sunnylven. Han heldt nullen i andre omgang av treningskampen.
Eirik Stenberg er keeper på Sunnylven. Han heldt nullen i andre omgang av treningskampen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380