Thomas Brøndbo til Sommardagar på Hellesylt

Thomas Brøndbo.

Thomas Brøndbo.

Thomas Brøndbo blir årets artist under kyrkjekonserten når Sommardagar på Hellesylt tek til fredag 9. juli. Songartisten frå Namsos har hatt suksess i fleire opptredenar, og ikkje minst med plata ”Du sa æ va en drøm ” som selde i heile 8000 eksemplar.

10.04.2010 23:07:19

Thomas Brøndbo starta songkariera tidleg i storebror Eskil Brøndbo sine band. I 2004 vart Thomas Brøndbo soloartist og kom med EP-en ”Du sa æ va en drøm”. Han var med i programmet ”Lyden av lørdag” der han til slutt kom på andre plass, og han deltok i MGP i 2009 der han kom til finalen, men nådde ikkje gullfinalen.
I 2008 kom han med sitt eige album som selde heile 8000 eksemplar.
Fredag 9. juli blir Thomas Brøndbo å høyre i Sunnylven kyrkje under opningsarrangementet for årets Sommardagar på Hellesylt..

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380