LokalnyttLokalsport

Trimtreff på ny trimpost

-

Tidlegare i vinter var det trimtreff på Høgane med stort frammøte. Søndag 25. april inviterer trimgruppa i Sunnylven IL til treff på Nausane, ein ny og sentrumsnær trimpost.

Fredrik Stadheim – 22.04.2010 23:11:35

Nausane er gamle sætretufter for gardane på Korsbrekke. Alt av sæterhus er borte og mykje av den vesle sætervollen har grodd til med kjerr og skog.

I fjor var det dugnad på å rydde råsa til Nausane. Den startar frå gamle bygdavegen ved Formvac og går oppover langs med bekken i Kremmargjølet.
Sætrestølen ligg på 240 meters høgd, og her vil den nye trimposten bli plassert. Det blir den 24. posten til Sunnylven IL og gjev 5 poeng.

Søndag blir det offisiell opning av trimposten kl. 13.30.
Registrering blir mellom kl. 13.00 og 14.00, og det blir trekt ut premiar mellom dei frammøtte, melder trimgruppa.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380