Verdsarvmarkering får skulekunst

Elevane i 7. klasse ved Sunnylven skule har starta førebuingane til "staurkunsten" sin. frå venstre Sigurd, Jørgen, Ola-Tobias, Jarl Vegard, lærar Kari, Lars, Anette, Kristin, Terese, Anne-Grete, Elisabet, Irene.

Elevane i 7. klasse ved Sunnylven skule har starta førebuingane til «staurkunsten» sin. frå venstre Sigurd, Jørgen, Ola-Tobias, Jarl Vegard, lærar Kari, Lars, Anette, Kristin, Terese, Anne-Grete, Elisabet, Irene.

I juni er det fem år sidan Geirangerfjorden med omland fekk utnemninga som Verdsarvområde av Unesco. Jubileet vil bli markert med mellom anna utstilling av skulekunstverk ved Norsk Fjordsenter.

Fredrik Stadheim – 19.04.2010 21:54:35

Kunstnar Ola Liland, prosjektleiar Gwen Nickolaychuk frå Canada og Katrine Blomvik, direktør i Verdsarvstiftinga har gjeve tre skular, Sunnylven skule, Eidsdal skule, Geiranger skule i oppdrag å lage kvar sin kunst-installasjon av hesjestaur. Kunstprosjektet har fått namnet ”Staurgale”, og vil bli plassert på uteområdet ved Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Kunst-installasjonane skal lagast av 50 hesjestaur, bunde saman av hampetau. Ti av staurane skal målast i ulike fargar. Korleis byggverka skal sjå ut står elevane fritt til å utforme sjølve.

Frå Sunnylven skule er det elevar i sjuande klasse som skal til Geiranger 19. mai for å bygge sin kunst-installasjon.
-I tida framover må vi tenkje på korleis vi skal utforme det spesielle kunstverket som dette blir. Vi er alt i gong med å klargjere staurane som skal målast i lilla og gult, og litt kvitt og svart-, seier lærar Kari Hauso Stadheim.
I kunst-installasjonen skal det også hengjast opp tøystykke med slagord som elevane har skrive. I tillegg skal nokre vere blanke der publikum kan skrive sine helsingar.

”Vi ønsker at installasjonane skal vere interaktive, skape nyskjerigheit, vere synlege, skape ei positiv atmosfære, og fremje aktivitet ved Norsk Fjordsenter”, heiter det i arbeidsheftet som skulane har fått.
Den offisielle opninga av ”Staurgale” vil vere 4. juni 2010. Installasjonane skal vere gåve til Norsk Fjordsenter frå skulane, og vil bli å sjå ut over sommaren før demontering og lagring for seinare bruk

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380