Lokalnytt

Vil ha med Skaret

Frå fjellpartiet Skaret, vel 800 meter o.h. er det storslagen utsikt til fjorden og landskapet kring. (Foto: Arne Inge Tryggestad)
Frå fjellpartiet Skaret, vel 800 meter o.h. er det storslagen utsikt til fjorden og landskapet kring. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Hellesylt Næringslag og Hellesylt Vekst har sendt kommentar i høve arbeidet med ny reguleringsplan for Hellesylt sentrum. Der peikar dei mellom anna på at yttergrensene for reguleringsplanen bør flyttast slik at Skaret, fjellpartiet med panoramautsikt over Hellesylt og fjorden blir med.

Fredrik Stadheim – 08.04.2010 21:47:56

-Hellesylt får djupvasskai og mange turistar går i land neste år. Vi har blitt utfordra av fleire på at staden i den samanheng må ha noko å tilby både innan handel og oppleving. Det jobbar vi med.
Gondolbane frå Hellesylt til Skaret har vore oppe som ide før og er ikkje mindre aktuell i dag. Difor er det viktig at ein ny reguleringsplan som skal gjelde dei neste ti år ikkje hindrar realisering av det som ville bli ein suksess i turistsamanheng-, seier dagleg leiar i Hellesylt Vekst, Inge Hole og legg til.
-Det er ikkje sikkert at ei gondolbane til Skaret blir realisert neste år eller året etter, men ingen veit kva som skjer i åra fram til 2021-.

Jan Ove Tryggestad er styreleiar i Hellesylt Vekst. Han bekreftar at saka om bygging av gondolbane til Skaret med paviljong på toppen og veg opp frå Karbø-sida har vore omsnakka i visse samanhengar, men ikkje styrebehandla i Hellesylt Vekst.

-Tiltaket er ikkje urealistisk, men vi må starte i ein ende og då i reguleringssamanheng. Fleire ting må avklarast, som organisering, avtalar med grunneigarar og finansiering. Totalt er det snakk om ei utbygging til fleire ti-talls million kroner-, seier Jan Ove Tryggestad.
At det kunne bli ein stor attraksjon er han ikkje i tvil om.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380