Lokalnytt

Årets fyrste frå Helsetkopen

Fire fjellflygarar gjorde årets fyrste hopp frå Helsetkopen torsdag. Frå venstre Edward Rudd, Kristian Rønning, Livia Dickie, Cato Nordbakk.

Årets fyrste frå Helsetkopen

Fire fjellflygarar har gjort årets fyrste hopp i vingedrakt frå Helsetkopen. Alle landa trygt på flatene ved Helsetvatnet.

 

Mellom dei fire var Livia Dickie som er frå Australia, men oppheld seg mykje i Norge og har basehopp som sport og hobby. Også i fjor sommar var ho på toppen av Helsetkopen og landa trygt ved Helsetvatnet etter vellukka hopp.

Turen til toppen tok litt leger tid denne gongen, det var snø i Liadalen, men det gjekk bra å kome opp. Veret var i alle høve perfekt med sol og lite vind på toppen, litt meir i landingsområdet utan at det baud på problem.

 

Livia Dickie har planar om å delta i World Cup i basehopp som blir arrangert på Hellesylt med Helsetkopen som arena 10. til 13. juli.

Om Cato Nordbakk frå Dyrkorn skal delta var meir usikkert, men turen opp og hoppet gav meirsmak, bekrefta han. Om det ikkje blir i World Cup så kjem han igjen ein annan gong.

 

Dei to andre som var med og gjorde årets fyrste basehopp frå Helsetkopen var Kristian Rønning frå Skåla ved Molde, og Edward Rudd frå New Zealand.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info