Cruiseskip til Hellesylt

Tidleg søndag morgon 9. mai kom årets første cruiseskip til Hellesylt, tyske AIDAura med 1200 passasjerar om bord. Nye 95 cruiseanløp ventar i løpet av sesongen før Albatros avsluttar 20.september.

 

Fire bussar med turistar tok turen til Nordfjord og Briksdalen før retur til Hellesylt og ferje til Geiranger. Nokre kom også i land med syklar for å ta sykkelturar i dalføra kring Hellesylt.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info