Lokalnytt

Fekk Olavsrosa for godt vern

Hotelleigar Iris Fivelstad t.v.med utmerkinga Olavsrosa, saman med styreleiar i Norsk kulturarv Inger-Lise Skarstein og fylkesordførar Olav Bratland.

Fekk Olavsrosa for godt vern

Hotelleigar Iris Fivelstad smilte om kapp med sola ved hotellet sitt på Haugen i Nibbedalen då ho mottok Olavsrosa for restaureringa av Villa Norangdal. Ei ærefull utmerking for godt værn av eit tradisjonsrikt bygg.

Foto: Inge Hole

 

Det var tippoldeforeldra til Iris Fivelsad som bygde Hotell Norangsdal i 1885. Opp gjennom åra var mange kjende personar innom det vesle hotellet som i fyrstninga var skysstasjon midt mellom Øye og Hellesylt.

Etter at drifta tok slutt på midten av 1960-talet, stod bygget på forfall i mange år.

I 1996 bestemte Iris Fivelstad seg for å kjøpe tilbake bygget som hadde slektsrøter i veggane, og starta eit omfattande restaureringsarbeid. I 2005 kunne ho invitere til synfaring og servering i Villa Norangdal.

Hotellet har i dag serveringsløyve for øl og vin, seks overnattingsrom, og salongar og opphaldsrom.

 

Restaureringa har kosta både tid og pengar, men no vart innsatsen påskjønna med den høgast utmerkinga frå Norsk kulturarv, Olavsrosa.

Under overrekkinga var fleire til stades, det var helsingar frå styreleiar i Norsk kulturarv, Inger-Lise Skarstein, frå fylkesordførar Olav Bratland og fylkeskonservator Jens Petter Ringstad. Frå Stranda kommune helsa næringssjef  Inge Bjørdal, og frå Hellesylt Vekst styreleiar Jan Ove Tryggestad.

Ein stolt og glad hotelleigar, Iris Fivelstad takka for utmerkinga som ho sette stor pris på.

Med staslege Villa Norangdal i bakgrunnen, frå v. Inger-Lise Skarstein, Olav Bratland, Iris Fivelstad og Jens Petter Ringstad.
Næringssjef Inge Bjørdal overrekte måleri av kunstnaren Eldar Parr frå kommunen til Iris Fivelstad. Jan Ove Tryggestad hadde med gåvesjekk frå Hellesylt Vekst.

Eigar Iris Fivelstad saman med foreldre og betjeninga ved hotellet.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info