Fiske frå 1. juni i Korsbrekkeelva

Ein god fiskedag i Steimshølen i Korsbrekkeelva.

Fiske frå 1. juni i Korsbrekkeelva

Laksesesongen startar 1. juni i Korsbrekkeelva i Sunnylven. Elva er ei av tre på Sunnmøre som har fått tidleg fiskestart grunna godt kultiveringsarbeid gjennom fleire år.

Leiar i Korsbrekkeelva grunneigarlag, Ragnar Kaland ser fram til ny fiskesesong og gler seg til å prøve etter storlaksen i elva igjen, ei av dei beste på Sunnmøre. Elva er ei av tre på Sunnmøre som har fiskestart 1. juni og sesong ut august.

Dei andre to er Stordalselva og Velledalselva. Elveeigarlaga har får beskjed om at det ikkje blir innskrenkningar eller begrensningar i fisketid for desse elvane då alle er rike lakseelvar og har hatt godt kultiveringsarbeid over fleire år, fortel Kaland.

Lakselus

Storfjorden er i år med i eit forskningsprosjekt som Direktoratet for Naturforvaltning har starta opp der situasjonen med lus på laks skal overvakast. Ragnar Kaland trur situasjonen er betre enn på lenge, for i oppdrettsanlegg er nesten ikkje lus på laksen i år, seier han.

Oterplage

Det som bekymrar meir er oteren sine herjingar i elva. Truleg var der meir enn ti oter i ”sving” sist haust, trur Kaland.

-Vi veit at der stod mykje fisk i Steimshølen ved sesongslutt, men fekk problem med å få tak i nok stamlaks på grunn av oteren sine herjingar. Ved Storhølen talde vi 11 slakteplassar og på strekninga inn mot Steimshølen var der 28 slakteplassar etter oter-.

Elveeigarane har søkt om fellingsløyve, men fått avslag.

Leiaren i Korsbrekkeelva grunneigarlag fortel at dei har fått støtte til reparasjon av skade på laksetrappa i Kjølåsfallet og til innkjøp av eit apparat som tel laks om går opp laksetrappa i Steimshølen. Laurdag er det dugnad langs elva med skogrydding og oppsetjing av gapahukar.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info