Flott Sommarkonsert

Sommarkonserten med Sunnylven skulekorps samla mykje publikum på Ole Ringdal`s plass på Hellesylt. Også sola kom og gjorde arrangementet ekstra triveleg.
Fredrik Stadheim – 29.05.2010 11:15:45 |
Sunnylven skulekorps tel kring 20 musikantar, mange unge, men også nokre eldre. Under leiing av Trond Otto Berg har det blitt eit korps med dyktige musikarar, og som bygda er svært stolt av. Konserten fredag kveld var eit høyrbart prov på det.
Under den to timar lange kultursamlinga spela korpset i to avdelingar og fekk solid applaus for svingande låtar og taktfaste marsjar.
Også aspirantar under leiing av Wenche Ringdal hadde si avdeling og bekrefta at det blir jobba godt også med rekruttering til brassbandet i Sunnylven.
Sunnylven skulekorps vil ha stort behov for nye instrument, fortalde leiar i styret Gunnhild Kvam. Inntektene frå ei lynutloddning under Sommarkonserten var i si heilheit øyremerka til instrumentkjøp. Rundt 5.000,- kroner kom inn, også det ei kjærkoma hjelp til innkjøp av nye eufonium som kostar 35.000,- kroner kvar.
Fredag kveld fekk Øyvind Hole og Asbjørn Kvam Karbø begge sine 7-års korpsmedaljer, og styret overrekte blomar til Wenche Ringdal og Trond Otto Berg.