Generalforsamling i Hellesylt Vekst a/s

Jan Ove Tryggestad er styreleiar i Hellesylt Vekst a/s.

Generalforsamling i Hellesylt Vekst a/s

Hellesylt Vekst a/s har hatt årssamling. Jan Ove Tryggestad held fram som leiar i styret i utviklingsselskapet der det vart lagt fram årsrapportar som viste god aktivitet og sunn økonomi.

 

Generalforsamlinga i Hellesylt Vekst a/s vart halde i lokala til Peer Gynt galleriet på Hellesylt 4. mai. Årssamlinga gjekk raskt unna der alle vedtak var samrøystes. 73 prosent av selskapet sin aksjekapital var representert på møtet.

Geir Frøysa kom inn som nytt styremedlem, etter Oddbjørg Stadheim som ikkje ynskte attval.

Styret i Hellesylt Vekst a/s er:

Styreleiar,                      Jan Ove Tryggestad,

Styremedlemer,           Per Erik Dalen,

Bjørg Næss,

Ole Arnstein Ringdal,

Ruth Hole Aaland,

Geir Frøysa.

 

Valnemnd: Svein Sporstøl, Øystein Ljøen, Heidi Hauge.

Dagleg leiar, Hellesylt Vekst a/s: Inge Hole (1/3 stilling)

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info