God framdrift med kunstgrasbana

God framdrift med kunstgrasbana
Arbeidet med ombygging til kunstgrasbane på Hellesylt stadion går godt. Det er likevel usikkert om bana blir klar til dei fyrste heimekampane i slutten av mai.
Fredrik Stadheim – 01.05.2010 10:53:09 |
Det er gjort eit grundig arbeid frå fyrst av med nye Hellesylt stadion, mellom anna er det lagt ned ny drenering rundt heile bana.
Dagleg leiar i Rano Anlegg, Noralf Ommedal seier at arbeidet har gått som planlagt, at ein ikkje har støtt på spesielle vanskar.
No blir det jobba med å få tak i ein ”høvel”, ei maskin til å finrette sanden på bana før legging av banerøyr. Deretter skal det på eit nytt lag sand opp på banerøyra før kunstgrasdekket. seier Ommedal.
Også arbeidet med dei seks lysmastene er i gong. Til fundament er det grave ned store betongringar som skal fyllast med betong.