Held kurs for båtførarar

Held kurs for båtførarar

Hellesylt Småbåtlag i samarbeid med Redningsselskapet arrangerer kurs for båtførarprøva på Hellesylt 11. til 13. juni. Også medlemer frå Stranda Småbåtlag er invitert til å delta.

 

Kurset blir halde på Sunnylven skule og går over 20 timar. Oppstart er fredag 11. juni med avsluttande eksamen søndag 13. juni.

Kursavgift er kr. 1.600,- pluss eksamensavgift kr. 525,-. Kursmateriell er inkludert.

 

Leiar i Hellesylt Småbåtlag, Asle Ringdal opplyser at frå 1. mai i år vart det påbode med båtførarbevis for alle født 1980 eller seinare. Etter kvart vil også personar født før 1980 få same påbod.

For meir informasjon og påmelding til kurset,

kontakt Asle Ringdal, tlf. 90 76 47 08 / 702 64 072.

e-post: asringda@online.no

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info