Kunstutstilling i Peer Gynt Galleriet

Opning av kunstutstilling i Peer Gynt Galleriet, frå venstre Oddvin Parr, Sigmund Årseth, Kari Hauso Stadheim, Kirsti Havnegjerde.

Kunstutstilling i Peer Gynt Galleriet

Årets kunstutstilling i Peer Gynt Galleriet på Hellesylt vart opna laurdag. Utstillarar i sommar er biletkunstnarane Sigmund Årseth, Valdres og Kirsti Havnegjerde, Langevåg.

 

Sigmund Årseth er fødd i Hjørundfjorden på Sunnmøre i 1936. Dei siste 45 åra har han budd i Valdres der han har arbeida med biletkunst, dekorasjonsoppdrag, restaurering og rosemåling.

Årseth har også hatt biletutstilling og fleire kunstneriske oppdrag både i USA og i Europeiske land og hausta anerkjenning.

Årseth hadde kalla utstillinga si Fjord og Fjell. Sjølv om der var fleire blomsterbilete, var dei fleste motiva henta frå Hjørundfjorden og Geirangerfjorden.

Fargane blått og lilla går att i bileta til Årseth som legg mykje vekt på skuggevirkningar i målinga si.

På spørsmål leita Sigmund Årseth fram sitt favorittbiletet mellom 30 utstilte. Det var ”Marit”, eit portrett av dotter hans.

Kirsti Havnegjerde bur i Langvåg på Sunnmøre. I Peer Gynt Galleriet stilte ho ut Papertole-bilete, 3D-bilete som er laga etter ein kunstart som skriv seg frå Asia. For tre år sidan tok ho i   bruk teknikken og skape seg meir enn ein hobby.

Kirsti Havnegjerde lagar tredimensjonale kunstverk ved å skjære frå litografitrykk og lime i hop. Ho gler seg til kvar dag, for ho har blitt heilt hekta på å lage Papertole-bilete, påstår ho.

Alle ferdige bilete blir ramma inn. Dette er nytt i Norge og har blitt godt motteke på utstillingar.

Begge kunstnarane selde bilete på fyrste dag av kunstutstillinga som vil vere opa ut august.

Det var Kari Hauso Stadheim og Oddvin Parr som stod for opninga laurdag med eit 20-talls publikum til stades.

«Marit» hadde Sigmund Årseth kalla dette biletet som han tykte godt om.

Kristi Ringdal frå Hellesylt, til høgre kjøpe Papertole-bilete av Kirsti Havnegjerde.

«Tidleg vinter» eit motiv frå Hustadnes i Hjørundfjorden kjøpte Beate Stock og Reidar Isaksen frå Ålesund. Bestefar til Beate Stock var frå Hustadnes.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info