Living Earth til Sommardagane

Living Earth til Sommardagane

Eit utvida Living Earth spelar opp til dans under Sommardagar på Hellesylt i juli. Som tidlegare år blir det rigga stort dansetelt på området ved Hægstad Gård.

 

Laurdag 10. juli blir den store dansekvelden på Hellesylt til sommaren. Stemninga og rytmene til mange danseglade, det ordnar bandet Living Earth som har slektsrøter frå ei øy vest for Ålesund.

Gjennom fleire ti-år har dei fem musikarane frå Lepsøy turnert i store deler av landet og hausta mykje positiv omtale for stemning og musikk på dansearrangement. I tillegg har bandet gjeve ut fleire populære cd-ar.

 

Til sommardansen på Hellesylt er bandet forsterka med vokalistane Trude Farstad og Bjørn Inge Helgesen.

Ved Hægstad Gård blir det rigga stort dansetelt. Tidlegare år har opp mot 400 danseglade svinga seg her, dei fyrste åra på asfalt, i år blir det som i fjor på flakegolv, lovar Einar Aasestrand hos arrangøren.

 

Living Earth har denne besetninga:

Ketil Strand, gitar

Carlo Alberici, trommer

Alf Terje Farstad, bass, sang

Jann Petter Farstad, keyboard, sang

Thor Arne Farstad, gitar, sang

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info