Mange feira på Hellesylt

Mange feira på Hellesylt
Mange tok del i 17. mai-feiringa på Hellesylt sjølv om veret ikkje var det beste. Nasjonaldagen vart feira etter tradisjonell oppskrift med folketog og programfest på samfunnshuset.
Fredrik Stadheim – 17.05.2010 22:10:32 |
Dagen starta med ei enkel markering ved minnetavla til falne under siste krig, før gudsteneste i Sunnylven kyrkje ved sokneprest Svein Runde.
Deretter var det folketog og sjeldan har Hellesylt hatt eit lenger og meir folkerikt 17. mai-tog enn i år. Heller ikkje hurraropa frå festkledde born og vaksne var påverka av gråveret når toget svinga seg fram gjennom sentrum til Sunnylven samfunnshus til taktfaste tonar frå eit Sunnylven skulekorps i storslag.
Før samlinga i storstova i bygda hadde alle gjort turen om Hægstad Gård og til Sunnylven omsorgssenter. Der var det stopp og korpstonar for pensjonærar og betjening.
Samlinga på Sunnylven samfunnshus baud på variert program, leia av Knut Dag Langeland, leiaren i arrangørlaget Sunnylven Idrottslag.
Sunnylven skulekorps med dirigent Trond Otto Berg imponerte med feiande korpstonar, ikkje minst gav framføringa av Hellesylt-marsjen av Helge Fivelstad gjenklang i murveggane. Og innslag frå aspirantgruppa bekrefta at korpset har god og ny rekrutteringa på gang.
Det svinga også frå felejentene, leia av Sunnøve Hjellbakk Hole som med ”Gluggen” av Ola Kjellstad gav si gratulasjonshelsing til fleire i salen med gebursdag på nasjonaldagen.
Imponerte gjorde også dansegruppa i HUL med Astrid R. Ringdal som instruktør og leiar, og Martine Tryggestad Forbord song vakre ”Tir n`a noir”.
Talen for dagen var ved fire elevar, Ida Katrin Brekke, Liv Tone Tryggestad, Gro Mari Kjellstadli Langleite og Ole Andreas Eide Ljøen, alle frå 10. klasse ved Sunnylven skule.