Mange oppgåver for Hellesylt Vekst

Hellesylt Vekst hadde mange saker på arbeidsplanen i 2009, men sleit i motbør grunna byggeforbud og rassenariet frå Åkneset. Ein ny reguleringsplan for Hellesylt er nødvendig for å få til nyetablering.
Fredrik Stadheim – 09.05.2010 11:45:07 |
Hellesylt Vekst a/s vart skipa i 2007. 15 aksjonærar gjekk inn i selskapet som i tre år har vore ein pådrivar for næringsutvikling og for å skape eit lokalsamfunn der folk trivast.
At fylket sin pris ”Utviklingsbygda 2009” gjekk til Hellesylt, var sjølvsagt ein stor stimulans både for Hellesylt Vekst og alle dei andre ”dugnadslaga” som har jobba for vekst og utvikling i bygda. Det seier styreleiar i selskapet Jan Ove Tryggestad, og legg til;
Ser ein tilbake på 2009 var det eit heilt spesielt år på Hellesylt og i Sunnylven. Aldri tidlegare har det vore større anleggsverksemd med kraftutbygging og rassikring av fylkesveg 60, og saman med oppstart av fleire nye anlegg vil aktiviteten halde fram i fire fem år til. Alt dette har hatt positiv innverknad på handel og service på Hellesylt. Ikkje alt dette er berre Hellesylt Vekst si forteneste, men selskapet gjev si støtte til all positiv utvikling, lovar Tryggestad.
Sjølv om byggeforbudet formelt er oppheva, må der ein ny reguleringsplan til for Hellesylt.
Arbeidet er i gong og når den er ferdig i 2011 vil den vere ein utløysane faktor for alle som har planar om etablering av næringsverksemd, trur Jan Ove Tryggestad
Hellesylt Vekst har tilsett Inge Hole som dagleg leiar i 1/3 stilling. På generalforsamling nyleg orienterte han om saker det er blitt og blir jobba med.
Hyttefelt i Åsen.
I samband med grunneigarane og Hellesylt Trevare har Hellesylt Vekst jobba fram planar og skisser for etablering av tomter og eit hyttefelt i Åsen. Ein del detaljer må avklarast, mellom anna må infrastruktur som veg, vatn og kloakk ordnast. Det er klart for å starte opp reguleringsarbeid.
Gondolbane og paviljong
Hellesylt Vekst er utfordra til å sjå på mulegheiter for å etablere gondolbane til Skaret. Styret ser at dette kan ha positiv effekt for utvikling av Hellesylt, men at dei økonomiske sidene kan bli vanskelege å løyse.
Hellesylt Vekst vil følge opp ideen og jobbe med saka vidare.
Djupvasskai
Utviklingsselskapet har også vore ein pådrivar for å få etablert djupvasskai på Hellesylt. No er alt klart og byggestart er vedteke med oppstart etter høgste turistsesongen i år. Kaia skal byggjast på pelar og skal vere ferdig til bruk våren 2011.
Knoppskytingsprosjekt
Hellesylt Reiseliv er eit knoppskytingsprosjekt der fleire verksemder innan turisme og reiseliv på Hellesylt har slutta seg til.
Knoppskyting Hellesylt arbeider i tett samarbeid med Stranda kommune og Ålesund Kunnskapspark. Hensikta med dette tiltaket er å presentere eit reiselivsprodukt for lokalt, nasjonalt og internasjonalt marked, og samstundes skape eit meir variert næringsliv med fleire arbeidsplassar.