Mange vårkampar ryk for Sunnylven Fotball

Mange vårkampar ryk for Sunnylven Fotball

Det blir ein sterkt amputert vårsesong når det gjeld heimekampar for Sunnylven Fotball. Leiar i Sunnylven IL, Knut Dag Langeland har fått melding frå entreprenøren om at røyra til undervarmeanlegget på Hellesylt stadion blir levert 16. juni.

 

Så langt har a-laget herrer spela alle sine kampar på bortebane. Det vil dei halde fram med ut vårsesongen, eller om muleg utsete dei til haustsesongen. -Å spele på Hellesylt grus er uaktuelt, seier trenar Steinar Hjelle.

Det står att tre kampar som skulle gått på heimebane, Bergsøy 2. 26. juni, Hasundgot 30. juni og Hareid 2. 3. juli.

 

Damelaget har spela ein kamp på Hellesylt grus mot FK Sykkylven, og då er det kampen mot Stranda 23. juni som står att på heimebane i vårsesongen.

-Den spelar vi på grusbana, seier trenar Hans Hole. -Vi får gjere det beste ut av det  medan vi ventar på noko godt, seier han i ein kommentar til at kunstgrasbana har drege ut i tid.

 

Dei aldersbestemte laga i Sunnylven Fotball har spela fleire kampar på grusbana.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info