Røyrmangel stoppar utbygginga
Røyrmangel stoppar utbygginga
Arbeidet med ”nye” Hellesylt stadion har til no gått som planlagt. Det vil likevel drage ut med opningskampen. Årsaka er sein tinging og lang leveringstid på banerøyr til undervarmeanlegget.
Fredrik Stadheim – 05.05.2010 19:07:33 |
Truleg blir det ikkje fotball på Hellesylt stadion før i slutten av juni. I desse dagar er Rano Anlegg ferdig med grunnarbeid og avretting av bana, klar til legging av røyr for undervarme. Av ulike grunnar er ikkje røyra bestilt i tide, fortel dagleg leiar hos entreprenøren, Noralf Ommedal.
Fyrst for få dagar gjekk tinginga til produsenten der det er seks veker leveringstid. Ommedal vil ta kontakt for å prøve å få levering tidlegare, men veit der er fleire kjøparar.
Å få lagt banerøyra med finsand over utan at det oppstår skade blir ei utfordring, seier Ommedal. Legginga blir kontrollert under trykk, så skulle det bli eit hol vil det bli registrert. Det er tinga rikeleg med skjøytemateriell, seier Noralf Ommedal.