Lokalnytt

Rusta opp turrås

Dugnadsfolket samla ved «vegkrysset» Korsbrekke – Åsen, og der råsa går vidare til Åseneset. Frå venstre Arnfinn Tryggestad, Øyvind Hole, Per Svein Hole. Bakerst står Rune Hole.

Rusta opp turrås

Turråsa frå Korsbrekke om Åseneset til Åsen er blitt utbetra. Laurdag arrangerte friidrett/trimgruppa dugnad, men oppmøtet var heller dårleg.

 

Ei av dei mykje brukte turræsene i nærleiken av Hellesylt sentrum er frå Korsbrekke  mot Åseneset og til Åsen. Både fastbuande og turistar går her dagleg, ein flott tur med panoramautsikt over Hellesylt og Sunnylvsfjorden.

Råsa har hatt ein del vanskelege parti, men no er desse utbetra. I fjor gav Hellesylt Camping 5000,- kroner til sikring av slike områder, eit arbeid trimgruppa har fått gjort. Det har blitt sprengt ut fjell i bratte svaberg og laurdag vart det bora ned jarnstolpar som det skal strekkjast kjetting mellom som sikring. I tillegg vart det rydda krattskog som var i vegen.

Leiar i friidrett/trimgruppa, Per Svein Hole trur det skal vere trygt å ferdast her både på tørre og våte dagar. Ein populær tursti som mange nytta også den dagen dugnadsgjengen jobba der.

På Åseneset ligg Kurla, ein liten plass som var busett i gamle dagar. No held dei gamle bygningane på å ramle ned. Det vurderer Lions Hellesylt å gjere noko med.

Arnfinn Tryggestad var i full sving med å rydde råsa til Kurla og fortalde at Lions skulle drøfte eventuelle tiltak på neste møte. -Berre så synd at vi er blitt litt gamle -, sa han.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info