Ser på ny lakseelv.

Ser på ny lakseelv.
Bygdaelva i frå Stadheim til Frøysa kan bli den nye lakseførande elva i Sunnylven om ein fin fossane i Steimsåsane teknisk og økonomisk forsvarleg å bygge ut med laksetrapper.
Fredrik Stadheim – 18.05.2010 20:36:42 |
Onsdag 19. mai skal det haldast synfaring langs elva fortel Ragnar Kaland, leiar i Korsbrekkeelva grunneigarlag. Dei som blir med på synfaringa i tillegg til Kaland er Myre frå Direktoratet for naturforvaltning, Leif Magnus Sættem, miljøvernavdelinga i fylket, næringssjef i Stranda Inge Bjørdal, og leiar i Sunnylven Vilt og Fiskelag Olav Lade.
Kaland seier at dette er ei fyrste synfaring utan konkrete mål om utbygging. Til det trengs langt meir omfattande utredningar og nye møter med grunneigarane.
På synfaringa vil ein sjå på moglegheitene for utbygging, kostnadsoverslag, oppvekstvilkår for laks og konsekvensar for plante og dyreliv i området.
Det må også vurderast om det er mogleg å bevare Helsetvatnet for ørretfiske, og også sjå på kva som skjer med ørretstamma som finst i den berørte delen av Bygdaelva.