Lokalnytt

”Staurgale” i Geiranger

Elevar og hjelparar samla kring det ferdige staurbygget ved Norsk Fjordsenter.

”Staurgale” i Geiranger

Onsdag 19. mai var 7. klasse ved Sunnylven skule i Geiranger for å reise sin fantasifulle konstruksjon av hesjestaur. Det vart eit staseleg kunstverk, tykte kunstnar Ola Liland.

 

Kunstnar Ola Liland er drivkrafta bak ”Staurgale”, eit prosjekt ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, som elevar frå tre skular er med å realisere.

 

Ved Norsk Fjordsenter blir fantasifulle konstruksjonar av gamle hesjestaur til kunst. I år er det elevar frå skulane i Eidsdal, Geiranger og Sunnylven som har fått oppdraga, neste år blir det nye skular, fortel Liland som hjelpte elevane med bygginga.

”Kunstskulpturane” av hesjestaur er hans ide og prosjekt, Gven Nickolaychuk frå Canada har vore koordinator for ”Staurgale”.

 

Fredag 4. juni blir utstillinga på uteområdet ved Fjordsenteret høgtideleg opna med snorklipping og musikk. Kven som får æra av å klippe snora er ikkje bestemt, seier Ola Liland.

 

Ved Norsk Fjordsenter får ein sjå mykje av hjelpemiddel og andre ting frå jordbruk og husdyrhald i gamal tid. Hesjestaur var ein viktig del i forberginga til husdyra, noko Liland ønskjer å vise og formidle til yngre generasjonar. Å lage litt spanande konstruksjonar vil auke interessa, trur han.

Frå Sunnylven skule var det 7. klasse som fekk den litt spesielle oppgåva å bygge ein konstruksjon av gamle staur. Kristin Ringdal, Terese Hauge, Elisabet Enoksen, Jørgen Ringdal Sæter, Ola Tobias Langlo Røyrhus, Jarl Vegard Eliassen Røyrhus, Sigurd Kjellstad, Irene Trøen Frøysa, Lars Kvam Karbø, Anette Frøysa, Anne Grete Kjellstadli Langleite, og saman med lærar Kari Hauso Stadheim vart oppgåva flott utført.

Ti staurar var måla i gult og lilla, det vart bygd ein modell, og ei arbeidsbok vart fylt med bilete og opplysningar om hesjestaur, kva den var laga av, og kven som brukte den til kva.

Kari Hauso Stadheim trur elevane tykte det var eit spanande prosjekt og at det har gjeve dei kunnskap om noko dei ikkje kjente så mykje til frå før.

 

Staur har dei to bak prosjekt ”Staurgale” fått rikeleg av og henta frå fleire bygder rundt om Geiranger. Dei kunstferdige byggverka blir ståande ut sommaren. Då blir dei plukka ned, og neste år får andre skular utfordringa å lage sine ”kunstverk” ved Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Å sjå inn i styrhuset på turistferja Bolsøy vart også ei oppleving på turen.
I land i Geiranger med gule og lilla hesjestaur.
Ei arbeidsteikning blir studert. Lærar Kari Hauso Stadheim og kunstnar Ola Liland bakerst
Bygginga er i gang.
Så glade blir ein over å ha laga sitt fyrste kunstverk.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info