Turistruta på fjorden i gong

MF Kvernes ved kai på Hellesylt 1. mai.

Turistruta på fjorden i gong

På 1. mai starta FM Kvernes opp turistruta på fjorden mellom Geiranger og Hellesylt. Om to veker er Bolsøy, den mest vanlege cruise-ferja tilbake.

Det har vore overraskande bra trafikk på fyrste dag, fortel kaptein Ivar Myrhol på MF Kvernes. Mellom 120 og 130 passasjerar har reist på Verdsarvfjorden i løpet av dagen. Veret har vore grått med regn og sludd, men også med solgløtt inn i mellom. Turane på fyrste dag har gått utan problem så no er vi i gong, slår Ivar Myrhol fast.

15. mai kjem Bolsøy tilbake på turistruta mellom Geiranger og Hellesylt, og 1. juni skal også Veøy inn i trafikk på fjorden.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info