LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2010

Fjellflyging etter gudsteneste

Dette er utsynet deltakarane i World Base Race har ved start på 1246 meter høge Helsetkopen. Mål er på flata over Helsetvatnet.

Fjellflyging etter gudsteneste

Finalen i World Base Race fjellflyging frå Helsetkopen går søndag 11. juli kl. 12.00. Det blir like etter friluftsgudstenesta på Høgreiten.

Tidsplanen for Hellesylt Festival World Base Race (World Cup) er no klart.

 Fredag 9. juli:
Runde en kl. 13:00
Runde to kl. 16:30

Laurdag 10. juli:
Runde tre kl. 13.00
Runde fire kl. 16.30

Søndag 11. juli:
Finale kl. 12:00

Om tidsplanen søndag må endrast på grunn av t.d. verhindringar, går finalen kl. 18.00 same dag. Måndag 12. juli er reservedag.

 Fyrst frå Helsetkopen

Paul Fortun er organisator av dette World Cup-arrangementet som er venta å få mellom 30 og 40 deltakarar.

Paul Fortun var den aller fyrste til å hoppe i vingedrakt frå Helsetkopen. Det skjedde i mai 2002. I åra etter har mange ”kasta” seg ut for den steile fjellveggen med overheng, både norske og utanlandske hopparar.

-Sjølve Helsetkopen ser ikkje så veldig stor ut når ein står nede, men på toppen blir det ei mektig oppleving. Kupa er enormt stor, for om ein kastar ut ein stein frå toppen tek det lang tid før den landar i juvet under, fortel Fortun.

Før 2002 hadde Fortun gjort fleire hundre basehopp. Hoppet frå Helsetkopen i mai 2002 var hans tredje wingsuit hopp. Det gløymer han aldri, det var ei enorm oppleving.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info