Lokalnytt

Laksen beit i Korsbrekkeelva

Ole Arnstein Ringdal, Hellesylt fekk laks på 6.7 kilo på fyrste fiskedag i Steimshølen i Korsbrekkeelva. (Foto: Roger Liavåg)

Laksen beit i Korsbrekkeelva

Ole Arnstein Ringdal, Hellesylt fekk årets første laks på 6.7 kilo i Korsbrekkeelva. Terje Skauvik, Sykkylven drog på land den andre på om lag same storleik like etter at fiske tok til 1. juni.

Det har gått opp lite laks i Korsbrekkeelva så langt, meinar Ole Arnstein Ringdal. Men i Steimshølen fekk han fast fisk på fyrste fiskedag, ein laksen på 6.7 kilo. Den kom rett frå sjøen, for han hadde lus med lange kvite tråa, fortel Ringdal.

Kva han fiska med vil han ikkje røpe. -Du kan skrive at han beit på sluk-.

Ole Arnstein Ringdal hadde ikkje stor tru på at det skulle bli fangst. Elva var grei nok med vassføring, men det har vore lite fisk å sjå så langt. Meir varme, snøsmelting og enno litt større elv så blir det heilt sikkert mykje fisk i Korsbrekkeelva også i år, trur laksefiskaren frå Hellesylt.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info