Lyser ut til fotokonkurranse

Kanskje er Hellesylt sitt andre kunstverk, natursteinsmuren i Helgesvingen ein kandidat i fotokonkurransen.

Lyser ut til fotokonkurranse

Hellesylt Vekst / Hellesylt Næringslag lyser ut til fotokonkurranse om gode bilete frå Hellesylt. Det blir pengepremiar til dei tre best bileta som ein jury plukkar ut.

 

Alle kan delta i fotokonkurransen der formålet er å få fram gode bilete som skal brukast i marknadsføring av Hellesylt. Fine pengepremiar blir lova til dei tre beste, 1. premie kr. 5.000,-  2. premie kr. 2.000,-  3. premie kr. 1.000,-.

 

Alle fotos som er med i konkurransen blir Hellesylt Vekst / Hellesylt Næringslag sin eigedom og kan bli nytta i brosjyrer, annonser, på plakatar og liknande.

 

Bileta må vere høgoppløyseleg og digital. Kontaktmann er Arne Inge Tryggestad og bidrag til konkurransen skal sendast til e-mail arneit@broadpark.no

innan 15. september 2010.

Gunnar Sårheim Fivelstad

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info