Ørsta med bølgje

I mål, frå venstre Oddny Rudi, Sonja Hole, Anne Gausdal. (Foto: Ruth Hole Aaland)

Ørsta med bølgje

Også i år vart Ørsta sentrum stad for ei bølgje, ikkje frå naturkrefter, men spreke damer i alle aldrar. Jentebølja i Ørsta`s gater talde vel 300, litt mindre enn i fjor.

Foto: Kari Hauso Stadheim

 

Jentebølgjen 2010 er eit fem kilometer langt mosjonsløp for jenter i alle aldre. Det er Bislett Alliansen som står bak trimløpet i samarbeid med Norske kvinners Sanitetsforening og ein del sponsorar.

Jentebølgjen er i mai og juni rundt om i landet, og i Møre og Romsdal har Molde, Ålesund og Ørsta hatt arrangement i år.

Deltakarane kan springe, jogge eller gå. Det er ikkje sluttida som tel i dette mosjonsløpet.

 

Fredag 11. juni var Ørsta treffstad for vel 300 spreke jenter. Rundt 35 av dei kom frå Sunnylven der alder varierte frå 13 år til 77 år. Det fortel Ruth Hole Aaland som var ein av deltakarane. Løypa var variert med både stigning og flater etter asfalterte sentrumsgater. Veret var ikkje det beste, det var litt kjøleg og regn under heile løpet.

 

-Sjølv om vi kunne ha ønska oss litt betre ver, var det god stemning og alle var godt fornøgde med turen og deltakinga-, seier Ruth Hole Aaland.

 

Tidlegare skiskyttardronning, Liv Grete Skjelbreid Poiree sette ”farge ” på arrangementet i Ørsta som startar og premieutdelar.

Ein del av deltakarane fekk med seg premie heim uttrekt på stattnummer. Vinnarar mellom sprekingane frå Hellesylt var Anne Grete Hjelmeland Hole, Åse Lie, Liv Tone Tryggestad og Heidi M. Hauge.

Frå v. Ida Kristin Dyrkorn, Nanna Frøysa Hellebostad, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Ida Katrin Brekke, Inga Nybø Vik, Liv Tone Tryggestad.

Reidun Tryggestad t.v., Oddny Rudi, Anne Gausdal.

Sonja Hole t.v. og Åse Lie.

Frå v. Berit T. Hole, Solfrid Onsøien Lien, Lilli-Karin Ljøen, Mia Sjåstad, Anne Grete Hjelmeland Hole.

Heidi M. Hauge t.h. og Marit Hellebostad.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info