LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2010

Prøv vinnarlukka i andesleppet

Prøv vinnarlukka i andesleppet
Prøv vinnarlukka i andesleppet

For ein 50-lapp kan du få 10.000,- kroner tilbake om du kjøpet lodd i det store andeslepet i Hellesyltfossen under Sommardagar på Hellesylt 9. til 11. juli.


Om ikkje toppgevinsten går inn har arrangøren fleire flotte pengepremiar til eigarane av dei ti fyrste badeendene som kjem i mål litt forbi Hellesylt bro ut på dagen søndag. Heile 25.000,- kroner skal delast ut som premiar.

Loddsalet til andesleppet vil foregå i sentrum både laurdag og søndag, men ver tidleg ute. Det brukar vere kø hos loddseljarane siste timane før 2000 gule plastender går over rekka på Høge bru og i Hellesyltfossen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380