Lokalnytt

Pyntar sentrum med blomar

Kommunegartnar Havtor Tryggestad og damer med «grøne» fingrar, Sonja Hole, Gunnhild Sårheim, Liv Hellebostad, Kirsten Gjørvad og Anne Gausdal stod for plantinga. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Pyntar sentrum med blomar

Denne veka vart Hellesylt sentrum pynta opp med blomar i friske fargar. Heile 39 krukker blei plassert ut fram for bedrifter, butikkar og servicebygg og har gjort staden tiltalande og sommarglad.

Det er dimensjonar over blomsterkrukkene som vart anskaffa i fjor og var eit samarbeidsprosjekt mellom Hellesylt Næringslag, private, bedrifter og Stranda kommune.

Denne veka vart det planta i dei store blomsterkrukkene som er 1.1 meter i tverrmål. Plantinga vart utført av damer frå Hellesylt med erfaring i blomsterstell saman med kommunegartnar Havtor Tryggestad.

Ideen om å pynte opp i sentrum kom gjennom bygdemobiliseringsprosjektet, det var snakk om å skape trivselsfremjande tiltak i sentrum, fortel styremedlem i næringslaget, Inge Hole. Og blomsterpryden fekk svært god mottaking, det var berre positive tilbakemeldingar. Han trur tiltaket vil glede også i sommar og rettar stor takk til dei som har utført plantinga og til alle som har bidrege økonomisk.


39 slike krukker med blomar vart klargjort og plassert ut i Hellesylt sentrum. (Foto: Arne Inge Tryggestad)

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info