Sommaravslutning ved Sunnylven skule
Sommaravslutning ved Sunnylven skule
Torsdag var det avslutningsfest ved Sunnylven skule for nok eit skuleår. Høgdepunktet var utdeling av vitnemål til fire elevar som var ferdig med 10-årig grunnskule.
Fredrik Stadheim – 17.06.2010 22:41:53 |
Lærar og einingsleiar Roar Seljeset leia avslutningsfesten der elevar stod for programinnslaga.
Sunnylven skulekorps opna med flotte korpstonar, Sunnylvsmarsjen og Young America. Litt yngre messingblåsarar, aspirantane følgde opp med sitt musikkinnslag som bekrefta at rekrutteringa til korpset er god.
Triveleg underhaldning
Elevar frå mellomsteget, åttande og niande klasse hadde øvd inn eit program som mora dei mange frammøtte. For sjølvskrevne viser hadde gode tekstar og vart framført med engasjement.
”Vi er ei kul klasse og Sunnylven er skulen vår”, var refrenget til femte klasse. ”Heisan og Høvringen tjo hei, i sjette er vi så grei”, song sjette klasse som nyleg har vore på leirskule.
Det var dans med hallingkast og gymnastiske øvingar som berre sprekingar kan utføre, og i tillegg mange sketsjar med treffande replikkar.
Eit ”lødig” program som avgjort var verd ein god karakter.
I benkeradene sat foreldre og mange slekningar og hadde ei triveleg kveldsstund etter applausen å døme.
Rehabilitering av skulen
Skuleåret har vore innhaldsrikt og mange oppgåver har blitt løyste i saman med flotte elevar, sa Roar Seljeset. Han kom også litt inn på arbeidet som er på gang med rehabilitering av Sunnylven skule. Det har drege ut meir enn ein trudde frå fyrst av, men no har arkitekten lagt fram skisser over arbeidet, sa Roar Seljeset og la til;
-Vi ser føre oss at det vil ta tid. Det viktige er at vi får ein god og tidsrett skule, det fortjenar den flotte bygda-.
Fire avgangselevar
Fire elevar gjekk ut av Sunnylven skule denne gongen, Gro Mari Kjellstadli Langleite, Ida Katrin Brekke, Liv Tone Tryggestad og Ole Andreas Eide Ljøen. Læraren deira har vore Cecilie Thaule Løvlid som også delte ut avgangsvitnemåla.
Det var ein litt rørt lærar som tok avskil med dei fire. Ho var glad for å ha hatt dei som elevar og takka for mange fine år saman på Sunnylven skule. No ønska ho dei lukke til vidare i livet.