Travel sommar for soknepresten

Sokneprest Svein Runde skriv taler til mange brudepar også denne sommaren.

Travel sommar for soknepresten

Sokneprest Svein Runde i Sunnylven og Geiranger skriv fleire brudetaler kvar veke. Nyleg vigde han fire brudepar same dag.

Det er stort og flott at unge gifter seg, tykkjer sokneprest Svein Runde. Han har mange unge par i ordreboka si som vil til kyrkja på Hellesylt og i Geiranger for å gifte seg i sommar.

Frå påske til oktober blir det 10 vigsler i Sunnylven kyrkje og 12 i Geiranger kyrkje, og i tillegg nokre på Stranda og i Liabygda.

Brudefolket har både lokal tilknyting og kjem frå fleire stader i landet fortel Runde og reknar opp Oslo, Tofte, Skien, Drøbakk, Ålesund, Tennfjord og Høvik. I tillegg også frå Gøteborg i Sverige.

Svein Runde trur dei to Union-hotella i området er med på å gjere kyrkjene i Geiranger og Hellesylt så populære for brudevigsle. Mange kjem til Sunnylven kyrkje for å feire ved Hotell Union Øye, og i Geiranger har Union Hotel alltid vore festlokale for bryllaup.

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info