Basehopparar inntek Hellesylt

Frå Helsetkopen. (Arkivfoto)

Frå Helsetkopen. (Arkivfoto)

Torsdag 8. juli er dei fyrste fjellflygarane på plass på Hellesylt. World Cup-konkurransen frå fjellet Helsetkopen startar med innleiande runde kl. 13.00 fredag og varer til søndag.


Rundt 25 basehopparar kjem til Hellesylt på torsdag, og fleire er venta dagen etter. Dei aller fleste har Sunnylvsbygda grendahus som base, knappe kilometeren frå fjellet for konkurransen. Andre tek inn på hytter eller brukar telt.

Kontaktmann og organisator for Hellesylt festival som World Cup konkurransen er blitt kalla, er Paul Fortun, Isfjorden. Han fortel at deltakarane kjem frå Norge og mange land i Europa og andre verdensdeler.
Også Norgesmeister Frode Johannessen deltek. Han har fått fri frå jobben på Gullfaks-plattforma og er på veg i bil frå Bergen til Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380