Lokalnytt

I Slingsby`s fotefar til Kvitegga

Storfelt utsyn ned mot gardane på Fivelstad og Haugen i Nibbedalen. (Foto: Helge Standal.)

I Slingsby`s fotefar til Kvitegga

Nyleg gjekk tre erfarne fjellfolk ruta som fjellmannen William Cecil Slingsby gjekk til Kvitegga i Nibbedalen. Turen starta frå Villa Norangdal. Snart vil hotellet tilby føring etter denne ruta for små, eksklusive grupper.

 

30.07.2010 16:41:48

 

Harald Kippenes frå selskapet Yourway, Helge Standal, forfattar av ”Fotturar på Sunnmøre”, og Stig Helset frå alpine redningsgruppe i Ørsta prøvegjekk turen i juli.

Etter 5,5 timar og på same tida som Slingsby skriv om i boka si, var dei på toppen av den 1691 meter høge Kvitegga. Dei tre starta frå Villa Norangdal og gjekk  til toppen på nordaustryggen av sjølve Kvitegga. Nedturen gjekk mellom Kvitegga og Blæja, utan å vere innom fjellet Blæja.

 

Flott, men tøff rute.

Turen byr på varierte utfordringar med ein del luftig klyving og lett klatring. Dei erfarne fjellfararane anbefalar ikkje å prøve seg på ruta utan å sikre seg med tau i den tøffaste delen. Turlaget bør heller ikkje vere på meir enn 3-4 personar då ein lett kan rause ut stein på enkelte parti.

Villa Norangdal kjem til å tilby føring langs denne ruta for små grupper i samarbeid med selskapet Yourway. Leiar Harald Kippenes som har spesialisert seg på historiske turopplevingar, er begistra for ruta.

Oppstigninga til toppen av Kvitegga er tøff med både klyvjing og klatring. (Foto: Helge Standal.)

Gunnar Sårheim Fivelstad

epost: gunnar@hellesylt.info