LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2010

Klare med rømmegraut

Over 300 porsjonar spekemat til rømmegrauten pakka desse damene, frå venstre Anne Marie Sømoen Frøysa, Kari Hauso Stadheim, Marte og mor Wenche Solli, og Hildur Vollset.
Over 300 porsjonar spekemat til rømmegrauten pakka desse damene, frå venstre Anne Marie Sømoen Frøysa, Kari Hauso Stadheim, Marte og mor Wenche Solli, og Hildur Vollset.

Sunnylven Bygdekvinnelag førebur seg på godt sal av rømmegraut under Sommardagane laurdag. Også ein porsjon spekemat føl det alltid like velsmakande måltidet.


Omlag 150 liter ferdig rømmegraut blir laga til for sal i ”nyesalen” på samfunnshuset laurdag. Med sukker, kanel, rosiner, ei god ause flytande smør og ein porsjon spekemat, ein pinn på grauten, er det eit minnerikt måltid som mange brukar å få med seg under Sommardagar på Hellesylt.
Bygdekvinnelaget sel også kaffi og heimebaka harding.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380