LokalnyttSommardagar på Hellesylt 2010

World Base Race i gong

Livia Dickie og Roberet Pecnik hadde dei beste tidene i fyrste omgang fjellflyging under World Cup-konkurransen.
Livia Dickie og Roberet Pecnik hadde dei beste tidene i fyrste omgang fjellflyging under World Cup-konkurransen.

Livia Dickie og Robert Pecnik fekk beste tidene då World Cup i fjellflyging frå Helsetkopen starta med prøveomgang fredag. 19 deltakarar sette utfor det 1246 meter høge fjellet.


Hoppinga starta litt før enn planlagt. Deltakarane kom tidleg på toppen der ein litt kraftig og kald vind gjorde opphaldet lite triveleg. Dermed starta hoppinga 30 minutt før tidsskjema. Alle dei 19 deltakarane kom trykt ned til målområdet på flata ved Helsetvatnet.

Mellom herrane var Robert Pecnik raskast på 30.17 sek. Jade Tatem var sekundet etter med Ronny Risvik på 31.91 og tredje beste tid.
Norgesmeister Frode Johannessen brukte 32.26.
Livia Dickie var best mellom damer og kryssa mållinja på 37.13 sek.

Det skal gjennomførast ein omgang til seinare fredag, men grunna vind på toppen er tidspunktet noko usikkert.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380