Lokalnytt

Forar hjorteflokk

 

 

Dagleg er mykje hjort å sjå kring driftsbygninga til Svein Rusten på Hauge i Sunnylven. Opp til 44 store og små dyr kjem fram frå skogen for å få seg eit godt måltid i snø og vinterkulden.

Også tidlegare vintrar har Svein Rusten hatt besøk av hjort kring låven som han har fora. Besøk som har vore spanande, men som også har sine negative sider, seier han. Dyra oppheld seg i området like ved og han fryktar at dei gjer skade på skogen. Kvister og bark av både lauvtre og barskog er ein del av det dyra har på menyen i tillegg til silofor.

Svein Rusten bestemte seg for å ikkje legge ut mat denne vinteren for å unngå besøk av hjortedyra, fortel han. Slik gjekk det ikkje.
I oktober då første kuldebolken kom dukka eit mindre antall dyr opp. Dei var ute etter mat på den gamle foringsplassen.
Etter nokre dagar tok medlidenheita overhand hos bonden og eit godt fangan silofor vart servert.
Gleda over å finne mat spreidde seg tydeleg vis fort i skogen, hjortane henta sine venner og flokken vaks. Snart var fleire titalls små og store hjortar på plass og fekk mette seg.

Slik gjekk jula og nyttårshelga og nyleg talde flokken 44 dyr, fortel Svein Rusten.
No er dei å sjå kring driftsbygninga heile dagen der dei et og kviler og ventar på neste servering.
Dei er nesten som husdyr, seier bonden som truleg har berga livet til mange av dei med servering av silofor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380