Lokalsport

Ikkje damelag i Sunnylven

Sunnylven damer vann 4-1 mot HaNo på Hellesylt stadion i september. Kampen var ein av dei siste.
Sunnylven damer vann 4-1 mot HaNo på Hellesylt stadion i september. Kampen var ein av dei siste.

Sunnylven Fotball stiller ikkje damelag i serien 2011. Det vart bestemt på styremøte denne veka etter at undersøkingar hadde vist at spelarstallen var for liten.

Heller ikkje eit 7-ar lag for damer fann leiinga grunnlag for å melde på denne gongen. -Dette beklagar vi, men vi håper at vi kan kome tilbake med tilbod om eit damelag seinare,- seier Steinar Hjelle, styreleiar for fotballgruppa.

Nytt lag
Men Hjelle lovar ein rikhaldig fotballmeny på Hellesylt stadion utan damelag. Og eit nytt, spanande lag blir meldt på måndag 24. januar. I tillegg til herrelag i 5. divisjon stiller klubben i år eit senior 7-ar/old boyslag. Serien for desse brukar å bestå av 8-10 lag, mest lokalt med korte reiseavstandar.

Hjelle kan også ramse opp åtte aldersbestemte lag frå G 16 og J 14 og nedover.
Alle i Sunnylven skal få eit fotballtilbod også til komande sesong, det er målet, seier Steinar Hjelle.
Det blir kalla inn til foreldremøte onsdag 2. februar for å diskutere fotballstyret sitt framlegg til lag frå yngres avdeling. Frist for påmelding er 15. februar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380