Klart for bedriftscup i skyting

Kjellstad jaktlag vann bedriftscupen i 2009. Med på laget var frå venstre Sven Roger Alme, Rolf Matvik og Karl Johan Tronstad. Til høgre Ivar Fivelstad frå arrangørlaget.

Kjellstad jaktlag vann bedriftscupen i 2009. Med på laget var frå venstre Sven Roger Alme, Rolf Matvik og Karl Johan Tronstad. Til høgre Ivar Fivelstad frå arrangørlaget.

Sunnylven skyttarlag inviterer til bedriftscup i miniatyrskyting. Som tidlegare år blir konkurransane avvikla på laget si miniatyrbane i klubbhuset på Hellesylt stadion.

Det er åttande gongen Sunnylven skyttarlag arrangerer denne cupen. Sjølv om det blir kalla bedriftscup, kan også jaktlag og organisasjonar delta.
Skytecupen har brukt å samle 12 – 15 lag med tre deltakarar på kvar, også reine damelag som har gjeve sine mannlege konkurrentar hard kamp.

Skytinga i år vil foregå på onsdagar i januar og februar, skriv skyttarlaget i innbydinga. Finale med premiering blir 23. februar.

Sjå innbyding med konkurransereglar her: http://www.skyttar.no/files/Innbyding%20til%20bedriftscup%20i%20miniatyrskyting2011.pdf

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380