Old Boys vann etter straffedrama

Vinnarlaget: Framme frå venstre: Sindre Hjelle, Bård Forbord, Tor Inge Brenne, Karl Magnus Hjelle. Bak frå v: Olav Åge Åsen, Jens Arve Forbord, Ole Ringdal, Kjell Brenne. (Foto: Privat)

Vinnarlaget: Framme frå venstre: Sindre Hjelle, Bård Forbord, Tor Inge Brenne, Karl Magnus Hjelle. Bak frå v: Olav Åge Åsen, Jens Arve Forbord, Ole Ringdal, Kjell Brenne. (Foto: Privat)

”Harrelajet” med tidligare og noverande spelarar frå Sunnylven deltok på Castrol Cup i Olivinhallen på Åheim i romjula.


Laget var forsterka med tidligare Åheim keeper Tor Inge Brenne, og taktisk konsulent Kjell Brenne. Laget spelte meget fin og god fotball, og vann Old Boys klassa.

Laget hadde desse resultata:
Harrelajet – Tett bak 5-1
Harrelajet – Pondus 0-2
Harrelajet – Krokedal 2-0
Harrelajet – Ringenes Herre 5-2 (Semifinale)
Harrelajet – Pondus 2-1 (finale) etter straffespark konkurranse

Harrelajet tapte 2-0 mot Pondus i innleiande runde, så dei hadde noko å revansjere i finalen…..Og det gjorde dei.
Finalen var jevnspelt, og enda 1-1 etter ordinær tid. Finalen måtte derfor avgjerast på straffespark konkurranse. Pondus bomma først. Så var det Sunnylvens sin faste straffeskyttar siste åra, Bård Forbord sin tur. Han kunne vise til 17 straffetreff på rad. Men på straffe nr 18, makta han ikkje presset, og bomma….Pondus bomma også på neste straffe.
Derfor vart det rutinerte Jens Arve Forbord sin tur. Han avslutta med eit lurt og sikkert skot i hjørnet.

”gamle karane” kunne derfor juble over førsteplass og pengepremie

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380